Fleire vil lære å spele fele og trekkspel

No på nyåret startar Dovre Spelemannslag felekurs for vaksne, samstundes som kulturskulen i Lesja og Dovre tilbyr opplæring i trekkspel og torader.

Berit Fiksdahl (ytters til høgre) frå Dovre Spelemannslag skal undervise i felekurs.  Foto: Arkiv

Nyheter

Interessen har vore stor i begge leire, kan Berit Fiksdahl og Anethe Kleven bekrefte. Fiksdahl skal undervise i fele på vegne av spelemannslaget, medan Kleven er rektor for kulturskulen.