Tidlegare Hjerleid-rektor med ny utstilling

Denne veka opnar tekstilkunstnaren Solveig Orstad Teigen ny utstilling i foajen på fylkeshuset i Lillehammer.

Tekstilkustnaren Solveig Orstad Teigen er klar med ny ustilling.  Foto: Privat

Nyheter

Teigen er opprinneleg frå Jæren, men har budd og virka i Gudbrandsdalen i mesteparten av sitt liv. Ho har haldt på med diverse handarbeid sidan ho var lita, og heilt frå ho var jentunge deltok ho på arbeidsstove for born på Klepp, og var med bestemor si i vevrommet hennar.

Budde på Dovre
Teigen byrja på husflidsskule i Rogaland som 19 åring, før ho fant vegen til Gudbrandsdalen og husflidsskulen i Nybu på Lillehammer.

Ho utdanna seg også ved Statens Lærarhøgskule i forming i Oslo i fire år. Frå der gjekk turen til Gol, kor ho fekk seg jobb som rektor på Buskerud husflidsskule. Ho tilbragte 12 år i Hallingdal, men to av dei i Kenya. Der underviste ho jenter i spinning, platefarging og veving.

I 1986 gjekk turen attende til Gudbrandsdalen saman med familien, og nærmare bestemt Dovre, kor ho vart rektor ved Hjerleid vidaregående skule. Ho er no busatt på Kvam.

Utvikla strikkinga
Trass ein jobb med mange møter og kontorarbeid var Teigen oppteken av å halde på med kreativt og skapande arbeid. Dei kommande åra utvikla ho strikkinga si og utfordra seg sjølv med nye avanserte strikketeknikkar.

I løpet av dei siste åra har det blitt meir tid til veving, og ho har engasjert seg i både utvikling av vevfaget og organisasjonsarbeid i Norges Husflidslag. Både med tillitsverv i lokale husflidslag på Dovre og i Fron, fylkesleiar i Oppland Husflidslag, leiar i Gudbrandsdalens Husflidsforening, styremedlem i Norges husflidslags sitt styre, og i butikkstyret til Husfliden Lillehammer.

Ho har også vore med i Fagutval i vev i Norges Husflidslag, samt jobba med å utvikle modulbasert vevopplæring fram til sveinebrev gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon og Norges Husflidslag.

I 2009 fekk ho husflidsprisen i Gudbrandsdalen.

Solveig Orstad Teigen er medlem i Norske Husflidhandverkarar i Norges Husflidslag, medlemsgruppa for dei profesjonelle utøvarane.

Ny utstilling
Den nye utstillinga vil vere på plass i fylkeshuset den 10. januar.

På denne utstillinga viser ho fram brukstekstiler i både veving og strikking. Her vil alle sjå at det er ein handverkar med mykje erfaring og kunnskap som viser fram tekstilane sine.

Verka hennar består av spenstige fargekombinasjonar, utsøkt materialbruk, spennande design og framifrå handverk.