Varmar opp til nyttårskonsert

Til helga er det klart for nok ein nyttårskonsert. Denne gong i Dombås kyrkje.

Dirigent: Mari Midtli dirigerer koret under konserten førstkommande søndag. 

Nyheter

Annakvart år skiftar Dovrefjell Disharmoniske Selskab (DDS) og Dombås Musikkforeining på å arrangere nyttårskonserten. I år er det DDS sin tur, med Mari Midtli som dirigent.

Dombås Musikkforeining er også med, som vil bli dirigert av Harald Berg.

– Både kor og korps er i god form, seier Berg. Han ser for seg ein kjempefin konsert i Dombås kyrkje, førstkommande søndag den 13. januar.

Konserten som tradisjonelt sett har funne sted på samfunnshuset flyttast i år inn i kyrkja, delvis på grunn av det nye orgelet. Med seg har dei difor kantor Jørgen Brandli som vil akkompagnere koret.

– Det er eit fantastisk instrument til mange millionar kroner, så eg håpar mange vil høyre på, seier Berg.

Konsertens datering er 20. juledag, som tradisjonelt sett er siste juledag.

– Det vil difor bli litt julesong, men mest noko anna, blant anna klassisk, og musikk frå Operafantomet. Ein vil også få høyre Nordnorsk Julesalme på obo, kan Berg fortelje.