Fleire ungdommar held på nynorsken

Ifølgje tal frå Noregs Mållag kan ein sjå at færre elevar i Nord-Gudbrandsdalen skiftar frå nynorsk til bokmål i ungdomsskulen.

Fleire ungdommar held på nynorksen gjennom heile ungdomsskula no enn før.  

Nyheter

Tala for i dag er samanlikna med tal for 10 år sidan, og viser til ein reduksjon i kor manga elevar som gjer eit målbyte. For 10 år sidan var målbytet frå nynorsk til bokmål på 2,5 prosent i ungdomsskulen i Lesja. I dag ligg det på 1,1 prosent. Tilsvarande tal i Dovre hadde eit målbyte på 2,3 prosent for 10 år sidan, og ligg på 1,9 prosent i dag.

– Ungdomsskulekulla er sjølvsagt ikkje større enn at nokre få elevar gjer utslag i prosentutrekninga. Det er likevel oppløftande å sjå at det er ein trend i fleire kommunar at elevane i større grad held på nynorsken gjennom heile ungdomsskulen, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.