Heilt i 100 på barneskulen

På fredag førre veke markerte elevane i 1. klasse ved Dombås skule at dei hadde gått 100 dagar på skulen.
Nyheter

Markeringa vart feira med kake og aktivitetar, der talet 100 var ein sentral del av undervisninga. Sjokoladekaka var pynta med 100 non-stop, og dei varierte aktivitetane gjekk ut på å telle til 100.