Toraderklubben ønskjer nye medlemmer:

- Det er plass til fleire

I vår vil toraderklubben "På 2. rad" sette i gong nybyrjarkurs for vaksne som ønskjer å lære torader, men med ein baktanke.

Plass til fleire: Ved langbordet på kulturhuset er det meir enn nok plass til fleire medlemmar i toraderklubben, korav 9 av 14 var til stades.  

Geir Groven og Erna Bjørgemoen vil få fleire til å spele torader. 

Nyheter

- Vårt ønskje er å få fleire medlemmar, men det er minst like viktig å få folk til å spele, seier styreleiar Geir Groven.

Dei har difor hengt seg på trenden med nybyrjarkurs, noko som blant anna Dovre spelemannslag har stelt i stand for dei som ønskjer å lære fele. Også kulturskula i Lesja og Dovre har frå nyttår kunne tilby opplæring i trekkspel og torader, noko toraderklubben sett stor pris på.

Kurs for Gud og hvermann
Groven legg vekt på at dette er eit kurs for alle nybyrjarar i vaksen alder, og presiserar at ein ikkje er forplikta til å vere med i klubben sjølv om man er med på kurs.

Dei vil likevel legge kurskveldane til klubbens øvingskveldar på Lesja kulturhus, for at potensielle medlemmar skal kunne få kjenne på miljøet og vere i lag med klubben.

- Vi vil ta oss tid til å ta vare på dei, og vil at dei skal føle seg godt mottatt, seier Groven.

- Det er eit utruleg godt miljø, og vi har det triveleg saman, seier Erna Bjørgemoen i klubben.

Det er Håvard Henningstad som skal vere instruktør, men fleire av klubbmedlemmane vil kunne bli teke i bruk om dei treng fleire instruktørar.

- Vi har ubegrensa kapasitet, og instrument får ein også låne av oss, slår Groven fast.

Kursa vil starte opp i mars, og skal vare i seks kveldar framover. Påmeldingsfrist er 10. februar.

Eit aktivt, variert miljø
Groven og Bjørgemoen er dei einaste i klubben som har vore med frå starten av, i 1996, og stortrives.

- Det er eit trivelig miljø, og vi er ute på oppdrag rett som det er, så det er mykje sosialt, seier Bjørgemoen.

- Vi har også eit bredt aldersspenn. Den yngste er 21 år gamal, og den eldste er 77, seier Groven. - Også har vi folk heilt frå Dovreskogen til Bjorli, men det er plass til fleire, legg han til.

Spelejobber blir det også mange av, og det er alt frå landsfestivaler til intimkonsertar i nærområdet.

- Vi får reise saman og bu som ein familie, så det er triveleg, synes Bjørgemoen.

Annankvart år arrangerer dei også kulturkveldar i Lesja og Dovre, med musikk og humorsketsjer på programmet. Inntektene finansierar ein felles utanlandstur for heile klubben, som har vore på åtte turar sidan klubben starta med slike kveldar i 1997.

På det meste har klubben bestått av 28 medlemmar, men om lag 40 forskjellige har vore innom klubben til saman.

- Vi vil og oppfordre tidlegare medlemmar til å oppsøke oss igjen. Nokon har flytta frå bygda, men nokon slutta på grunn av småbarn og familiere ting, så vi håpar at desse finne vegen hit att, seier Groven. - Dei vil bli godt teke vare på, legg han til.

Vil arrangere opne kveldar
Toraderklubben har også eit godt samarbeid med Dovre spel- og dansarlag, og har vore på øvingskveldane til kvarandre. Da får dansarlaget øve til musikk, og toraderklubben får øve til dansarar.

Klubben har eit ønskje om at desse klubbane vil kunne vere opne for alle og kven som helst.

- Når vi øvar saman er vi minst 30-35 personar om gongen, så det er allereie ein liten fest midt i veka. Vi håpar at fleire vil vere med å danse, også blir det servering av kaffe og kake, også, seier Groven.

Både toraderklubben og dansarlaget er ivrige til å få fleire folk på dansegolvet, og meiner det hadde vore gøy om ungdommen hadde vore med også. Dette vil vere eit lavterskeltilbod, og dei håpar at folk ikkje blir skremt bort av at "proffe" dansarar er med.

- For ungdom er gamaldans lett å lære, men det handler meir om det å tørre å danse, og kunne by opp til dans. Ein vil kunne bli meir utadvent, og det er ein terskel for mange, avsluttar dei.