Fram med nål og tråd!

Ikkje kast jakka, buksa eller stillongsen, sjølv om dei har fått eit lite hol, oppfordrar Lesja husflidslag. Dei vil heller gje tips om korleis kleda kan reparerast.

Sigrun Romslo og Fatuma Ahmad Tahir ser på ei bukse som treng litt hjelp. 

Ruta Tesfalem klipper til ei bot. 

Halldis Hage reparerer ei olabukse. 

Soad Ali Ahmed med symaskina. 

Nyheter

Husflidslaget har trivelege lokale i andre etasje på Lesja stasjon. Ja, dei kallar det rett og slett Lesja Husflidsstasjon. Utanfor har dei dekorert både metalltrappa og takrennene med varme strikkearbeid i lune fargar. Det er ein fryd å finne slik ei dør, midt i all snoen og snøen.

Lun aktivitet

Inne er vaffelpressa i gang, og kvinnene sit rundt borda med ulike handarbeid. Dei busette flyktningane på Lesja er spesielt inviterte, men elles er kursdagane opne for alle interesserte.

– Målet med kurset er å gi hjelp til å kome i gang. At folk får tips om korleis klede kan reparerast på ein praktisk, lettvint og kanskje dekorativ måte. Her kan dei få tips om bruk av symaskin, og også korleis dei reparerer ting enkelt og manuelt med synål og tråd, seier Halldis Hage.

– Vi ynskjer å skape kontakt på tvers av kulturar og språkvansker. Her kan vi gjere ting saman og prate om det i lag, da blir ein lettare kjend., slær Mona Solli fast.

Tid for tips

Mange av medlemmane har møtt fram med eige handarbeid, men alle har tid til å prate og kome med lure tips og råd, anten det gjeld å sette bot på eit stillongs-kne, sy inn eit skjørt, sy i bukseknapp, eller rett og slett reparere holet i dunjakka som har kosa seg litt for nære eit bål. Nokre nette sting med ei høveleg farge, og dunet held seg der det skal. Husflidslaget er fornøgd med dagen, men seier dei gjerne hadde sett at enda fleire dukka opp.

- Det er berre å kome. Vi vil arrangere slike kursdagar fleire laurdagar framover. Datoane vil blant anna bli annonserte på Facebok, opplysar Sigrun Romslo.

Aktivt lag

Husflidslaget på Lesja er elles ein aktiv gjeng. Dei møtest kvar onsdagskveld, og i det siste har dei fingra hosoband. Måndagskveldane er det veving. Vevstolane har tilhaldstad i den same stasjonsbygningen, men i fyrste etasje. Den kreative og arbeidslystne kan her få høve til å skape flotte ting. Til dømes blir her vove bunadstoff i rutaty, løpere og filleryer.