Castingen til årets Kristin-spel er klar

Sel teaterlag har rollebesetningen klar til årets Kristin-spel, og Rebekka Nystabakk gjer comeback i rolla som Kristin Lavransdatter.

Rebekka Nystabakk i rolla som Kristin Lavransdatter.  Foto: Erik Berg-Johansen

Nyheter

Nystabakk hadde rolla som Kristin i 2017, og tek nok ein gong på seg denne oppgåva i 2019. Ho er til dagleg tilsett Skuespiller og Danseralliansen og har hatt fleire roller på Hålogaland Teater, i eigen regi, på Nationaltheatret og sist som Hedda Gabler ved Kilden Teater i Kristiansand.

Som motspelar har Nystabakk Morten Svartveit i rolla som den staute Erlend Nikulaussøn. Skartveit er mest kjend frå TV-serien «Heimebane» på NRK. Til dagleg jobbar han ved Det Norske Teatret.

Ein av Norges mest anerkjende moderne dansarar, Jon Ole Olstad, er med som dansar. Olstad kjem opprinneleg frå Sel, men er for tida basert i New York. I sommar kjem han heim til Norge for å skape magi på Jørundgard.

Marit Østbye skal spele den eldre Kristin igjen i år. Østbye har lang erfaring frå ei rekke norske teatre, sist ved Oslo Nye.

Birgitte Victoria Svendsen har nok ein gong regien for stykket. Svendsen har tidlegare høsta strålende kritikker for hennes tolkning av den eldre Kristin, og ho har nå for andre året regien for stykket.