På bakgrunn av utfordringer med både for mykje vatn etter flaumen, og for lite vatn etter tørka i vekstsesongen 2018, har Vågå Ap og Sel Ap valgt å arrangere eit møte der dei vil få sentrale personer i tale om kva for slags tiltak dei vil møte desse utfordringene med.
- Dette er eit tema som berører alle i Nord-Gudbrandsdal, seier Terje Jonny Sveen i Sel Ap.
Møtet blir på Kulturhuset Otta, fystkommande torsdag kveld, den 14. februar, og den som vil kan kome.
Desse deltek:
- Nils Kristen Sandtrøen (landbrukspolitisk talsmann Ap)
- Lars Haltbrekken (SV)
- Aud Hove (fylkesvaraordfører Sp)
- Svein Ørsnes (leder Hamar Rødt)
- Lars Petter Bartnes (leiar Norges Bondelag)
- Kjersti Hoff (leiar i Norsk bonde-og småbrukerlag)
- Oddbjørn Kval-Engstad (Norsk Landbruksrådgiving Innlandet)
- Kanskje kjem landbruksministeren også, legg Sveen til.
Møtet arrangeres av Vågå Ap og Sel Ap, i samarbeid med Vågå og Sel Bondelag og Vågå bonde- og småbrukerlag.