Dag Andre startar nytt parti i heimbygda: - Dovre er ikkje den bastionen den burde vere

Ein ny utfordrar vil stille til kommuneval til hausten. Norges yngste parti, Liberalistane, har slått rot i Dovre med Dag Andre Moldal i spissen.

Dag Andre Moldal er ferk leiar for Liberalistane i Dovre. 

Nyheter

Liberalistane stilte til stortingsval for fyrste gong i 2017, men fekk då ingen representantar på Stortinget. Partiet har vakst sidan, med ei oppslutning på 1,2 prosent ved siste måling. For å sette det i perspektiv så fekk Venstre 1,8 prosent. Partiet er det einaste i Norge som ikkje meiner det er nødvendig å auke skatte og avgiftstrykket for at folk skal få det betre, men at det tvert om gjer ting verre, ifølgje Moldal.