Fleire søkarar enn i fjor

Antal elevar som har søkt VG1 studiespesialisering på Dombås vidaregåande skule til hausten er større enn i fjor.

Nord-Gudbrandsdalen Vidaregåande skule, avdeling Dombås, har eit ljosare skuleår i møte.  Foto: Arkiv

Nyheter

I 2018 blei det vedteke at det ikkje skulle startast opp VG1 på Dombås fordi søkartalet var for lågt. Det var da 11 elevar som hadde søkt om plass på det lokale skuletilbodet. Det var fylkespolitikarane som bestemte at elevtalet var for lågt til å starte opp ei heil klasse.

Positiv til oppstart
I år ligg søkartalet på 18 elevar etter endt søknadsfrist den 1. mars, noko rektor ved Nord-Gudbrandsdalen vidaregåande skule, Kristin Undseth, ser positivt på.

- Eg tenker at det blir satt i gang VG1 til hausten. Det er eg nesten hundre prosent sikker på, seier rektoren.

Undseth seier at elevtalet ved studiespesialisering må vere under 20 før fylkeskommunen vurderar og ikkje starte opp lina. Det tilsvarande talet for yrkesfag er 10.

- Vi er så nære 20 elevar at dette skal gå bra. Vi har vore i dialog, og fått signal om at det vil bli oppstart av VG1 studiespesialisering på Dombås til hausten, seier Undseth.

Større kull
Det vart mykje blest rundt skulen våren 2018, da skuletilbodet sto i fare for å ikkje startast opp. Også i etterkant av vedtaket om å ikkje starte opp ny klasse vart det meir fokus på å bevare skulen.

Undseth meiner dette kan ha vore ein årsak til ei auke i søkartalet, men legg også skyld på ei meir naturleg forklaring.

- Det er klart at vi har fått mykje merksemd, utan at det er gjort nye tiltak. Men ein av grunnane er nok at det er fleire avgangselevar i år enn i fjor. Det var 41 elevar som gjekk ut av 10. klasse i Lesja og Dovre i fjor, og i år er det over 50. 16 elevar meir enn i fjor, seier Undseth.

Elevkullet er noko skulen følgjar med på, så dette var dei førebudd på, ifølgje rektoren. Ho seier at også neste års kull blir på om lag same nivå som i år.

Ingen nye løysninger
Undseth seier til slutt at samanslåinga av Oppland og Hedmark ikkje har hatt ei virkning på skulen enno, og om skulen kan trekke til seg elevar frå det tidlegare nabofylket.

- Geografien er nå uansett som man er. Eg veit enno ikkje kva som vil skje. Det kan bli andre løysninger eit år eller to fram i tid, men det vil tida vise, avsluttar rektoren.