Ser på om kraftkjøp må på anbod

Kan kommunene kjøpe kraft av den dei vil, eller må dette ut på anbod?

Kraftselskapet Eidefoss er eigd av kommunane, og driv kraftverk i Rosten. No er spørsmålet om kommunane må legge handle kraft via anbod.   Foto: Arkiv

Nyheter

Det er ein av sakene rådmannsutvalet i Nord-Gudbrandsdalen no må sjå på. Etter lov om offentlege anskaffelser skal alle innkjøp av varer og tenester over 100 000 kroner leggjast ut på anbod. Spørsmålet er no om det må gjerast, også når det kjem til elektrisitet. Dette er eit spørsmål som har kome på bana etter at det nye innkjøpssamarbeidet i regionen kom i stand.