Jubileumskonsert med Dombås Musikkforeining:

– Blir som 17. mai og julekvelden på ein og same gong

Førstkommande laurdag skal Dombås Musikkforeining markere sitt 130. år i drift, med ein storslått konsert på Dombås kino.

Klare for konsert: Dombås Musikkforeining, med Harald Berg i spissen, inviterar til jubileumsfeiring på Dombås Kino. 

Nyheter

Dirigent og korpsveteran Harald Berg lovar ein spektakulær konsert, med eit stort og variert program, og ei overraskande avslutning.

Fleire gjester
Berg lovar ein konsert med stort musikalsk spennvidde, med alt frå marsj til film- og kyrkjemusikk og swing.

Med seg har korpset søskenparet Lise og Øyvind Granden Berg som solistar. Øyvind er fløytesolist, og skal også spele fløyte under heile konserten, i tillegg til piano. Han skal også synge ein låt av Elton John.

Andre solist, Lise Granden Berg, skal synge eit nummer saman med korpset. Ho er utdanna sopran frå Musikkonservatoriet i Trondheim og operahøgskulen i Oslo. Søskenparet skal også spele eit par nummer saman, med Øyvind på piano.

Tidlegare dirigent i korpset, Arne Ottar Ødegård, blir også med som dirigent på nokre av dei musikalske innslaga, men Harald Berg skal vere dirigent under resten av konserten.

– Sluttnummeret blir ei overrasking, som Thor Amund Ruste i korpset står for. Det er ein godt bevart, og ikkje minst artig, hemmelegheit, seier dirigenten hemmelegheitsfullt.

Svein Vatne trer nok ein gong inn i konferansierrolla.

Lang historie i korpset
Dombås Musikkforeining vart stifta i eit bondebryllaup på Dombås i 1889, kor brudgommen Ola Blæstrud og fem andre mann sto bak grunnlegginga. I dag består korpset av 30 mann.

– Det er ingen av dei som var med i 1889 som er med i dag, seier Harald Berg spøkefullt, men det er eg og bror min, Martin, som har vore med lengst. I 63 år samanhengande, til saman nesten like lenge som korpset har eksistert, fortsett han.

Dei siste tre åra har Harald fungert som dirigent, medan broren framleis er ein del av blåsarrekka i korpset.

Håpar på stort oppmøte
Korpset har hatt fleire øvingar og seminar fram til konserten, og er i full vigør trass den høge alderen. Med plass til over 400 gjestar i den lokale kinosalen håpar dirigenten og konferansieren under den kommande konserten at flest mogleg i Lesja og Dovre tek turen.

– Alle i Dovre som sett pris på at musikkforeininga spelar på 17. mai, julekvelden og under nyttårskonserten burde kome og vise si støtte til korpset. Laurdagens konsert blir både 17. mai og julekvelden på ein og same gong. Eg skal i alle fall dit, seier Vatne.

– Men du skal vel delta?

– Ja, men lell da gut, avsluttar han.