Godt i gang med CD-innspeling

Prosjektgruppa som skal få Asbjørn Storrusten melodiar over på CD er godt i gang med innspelinga.

Bandet som skal sette Storrustens musikk til livs. Bak frå venstre: Håkon Kirkestuen på bass, Terje Kaas på gitar, Marit Rusten på fele, Rita Kraugerud på torader. Foran: Odd Dalum og Asbjørn Storrusten på trekkspel. 

Nyheter

I lokala på Rudikretsen Grendahus ved Ilka har bandet, beståande av Asbjørn Storrusten sjølv, Odd Dalum, Håkon Kirkestuen, Marit Rusten, Terje Kaas og Rita Kraugerud slått seg til rette med instrument og innspelingsutstyr. I løpet av ein kveld har dei spela inn om lag halvparten av dei 15 melodiane som skal vere med på den endelege CD’en.