Lovar snø og fine forhold til påske

Bjorli Skisenter kan love at det blir nok snø i skianlegget til påske.

Bjorli Skisenter 16. mars 2019.   Foto: Bjorli Skisenter

Nyheter

- Vi har dei siste par vekene fått over 50 centimeter nysnø, i tillegg til snøen som allereie ligg i løypa. Vi har supre forhold i anlegget, og feira no i helga vår 150. opningsdag på rad, kan Pernille Melbye ved skisenteret fortelle.

Ho seier at alle heiser og nedfarer i anlegget vil vere opne i påska.

I tillegg vil dei by på ulike aktivitetar som barnesnøscooter-køyring kvar dag, og bassengkøyring på sjølvaste påskeaften.

- På og omkring Bjorli er det også køyrd opp 81 kilometer med langrennsspor, seier Melbye.

Skiskulen skal også arrangere barneskirenn, eggejakt og airboard. Heiskroa vil også vere open kvar dag, og ved fleire anledningar blir det arrangert Afterski med live-musikk.