Vil disponere oppkverna flis lokalt

NGR har gjennomført eit prøveprosjekt i Vågå, som er eit miljøvennleg tiltak.

Pål Sverre Andgard i NGR jaktar på lokale som vil kjøpe opp flis.  Foto: Arkiv

Snølageret på Skistadion får 250 kubikk med flis frå NGR.  Foto: Privat

Nyheter

Dei har nyleg byrja å sortere reint trevirke frå måla trevirke ved miljøstasjonane i Nord-Gudbrandsdalen. Den oppkverna flisa vil dei no disponere lokalt, i staden for å frakte det i vogntog over til Sverige.

– Vi tek imot 3000 tonn med trevirke i året. Noko av det er måla, og må køyrast til reinseanlegg. Reint trevirke derimot kan vi disponere lokalt, seier Pål Sverre Andgard i NGR.

Dei ser no på moglege lokale aktørar som kan ta i bruk trevirket, enten i lokale fyringsanlegg eller andre som har behov.

- For oss vil dette bety reduserte transportkostnadar. Vi køyrer vanlegvis mellom 150 til 160 vogntog ut av landet i året, seier Andgard

Dombås skistadion er eit av tiltaka som vil kjøpe flisa, til å dekke over snølageret sitt i sommarsesongen.

– Vi treng om lag 800 kubikk for å dekke over snøhaugen vår med 50 centimeter bark om sommaren. I disse dager skal NGR ordne 250 kubikk med flis til oss som blir køyrd frå Vågå til Dombås. Vi får kjøpt flisa billig, i staden for at dei køyrar den til forbrenningsanlegg langt unna Nord-Gudbrandsdalen, seier Jon Linderud i Dombås IL.

– Dette er ein vinn-vinn situasjon for begge parter, og ikkje minst for miljøet, seier Linderud.