Johannes (92) lærar bort navarsmiding til mang ein person

Navarsmeden Johannes H. Fosse (92) er blant dei siste som sit på den gamle navarsmedkunnskapen. Denne veka besøker han handverksskulen ved Hjerleid for å lære den vidare til elevane ved smedlinja.

Johannes Fosse (t.v.) er særs behjelpeleg blant elevane ved Hjerleid. Her saman med Loke Sølvåre.  

Nyheter

Født i 1926 og oppvaksen på Frekhaug utanfor Bergen, Fosse har drive med smiding sidan han vare gutunge. Oldefaren til Johannes bygde smia i 1840 som han tek i bruk den dag i dag, så smedkunnskapen har gått i arv gjennom familien.