Tradisjon i tekst og tonar

Den sjette og siste cd-en med arkivopptak av folkemusikk frå Gudbrandsdalen blir lansert på Jetta kafeteria den 10.april. Endeleg er det slåttemusikken frå Lesja, Dovre og Sel sin tur.

Dovringen Tor Wigenstad (1911-2003). Ein markant spelmann og viktig tradisjonsberar som blir presentert både i ord og tonar på den nye cd-en. foto: lånt ut av ta:lik 

Nyheter

Tidlegare er det gjeve ut cd-ar frå Heidal, Lom, Skjåk, Vågå, Fron og Gausdal. I alt 36 utøvarar og 248 slåttekutt frå NRK sitt folkemusikkarkiv og Norsk Folkemusikksamling.