Dyktige mjølkeprodusentar i Lesja og Dovre fekk Sølvtine

Tre mjølkeprodusentar i Lesja og Dovre fekk mottok sølvtine under ei høgtideleg markering i går kveld i forkant av TINEs årsmøte.

Tre mjølkeprodusentar fekk sølvtine. F.v.: Torunn Elisabeth og Fredrik Stavheim, Lora Mildri Gravseth Morken og Egil Morken, Lesja Solbjørg Sandrød og Ola Schelle, Dombås.  Foto: Privat

Mildri Gravseth Morken og Egil Morken, Lesja  Foto: TINE

Solbjørg Sandrød og Ola Schelle, Dombås  Foto: TINE

Torunn Elisabeth og Fredrik Stavheim, Lora  Foto: TINE

Nyheter

Dei tre produsentane som fekk sølvtina var:

  • Torunn Elisabeth og Fredrik Stavheim, Lora
  • Mildri Gravseth Morken og Egil Morken, Lesja
  • Solbjørg Sandrød og Ola Schelle, Dombås

Ikkje ein einaste glipp
TINE målar kvaliteten på mjølka fra norske produsenter kvar dag. Den beste mjølka blir kategorisert som «elitemjølk». Den blir blant anna analysert for celletal som seier noko om jurhelsa, bakterienivå som seier noko om hygienisk standard og frie fettsyrer som seier noko om smaken. Mjølka må sjølvsagt vere fri for medisinrester og dette blir kontrollert ved kvar einaste henting.

Bønder som klarer å levere elitemjølk kvar einaste dag i 15 år, blir hedra med Sølvtina.

Kvalitet og grundighet
TINEs styreleiar Trond Reierstad og konsernsjef Gunnar Hovland stod for utdelinga på Lillestrøm tysdag kveld 9. april. Elitemjølk er den høgaste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få for mjølka, og nesten 5 500 dagar med god fjøsdrift må til for å kunne motta den eksklusive tina i sølv.

Styreleiar Trond Reierstad er stolt over kor dyktige og grundige mottakarane av Sølvtina er. Bak prestasjonane ligg yrkesstolthet, gode hygienerutiner og grundig planlegging og oppfølging av alle deler av gardsdrifta, med stor vekt på å ta vare på dyra på beste måte.

– Høg kvalitet er det beste konkurransefortrinnet norsk mjølkeproduksjon har i konkurransa med utanlandske aktørar. I løpet av dei siste åra har andelen elitemjølk økt jamnt. Det betyr at norske forbrukarar får mjølk i verdsklasse, seier Reierstad i ei pressemelding.