Snart i gang med spennande arbeid:

Siste sesong på grusbana

Etter kommande sesong vil grusbana på idrettsplassen på Lyftingsmo vera ein saga blott. Til hausten vert det kunstgrasbane.

grus for siste gong: Olaug Enstad, Kai Ove Riise og Jon Sneve ser grusbana titte fram frå snøen for siste gong. Neste vår er det kunstgrasbana som kjem fram. 

Nyheter

No er det bestemt. Det vert kunstgras på Lesja. Ei 9-er bane skal i løpet av sommaren koma på plass, og forhåpentlegvis vere speleklar til september. Det er Lesja og Lesjaskog idrettslag som samarbeider om prosjektet. Sjølve banedekket skal koma til Lesja 1. juli, før den tid må alt grunnarbeidet vere gjort.