Nå er Asbjørn å få på plate

CD’en med melodiar av Dovre-komponisten Asbjørn Storrusten er ferdig.

Ny CD: Asbjørn Storrusten (85) har spela inn sin fyrste CD med eigne melodiar, og det med god hjelp frå lokale musikarar. 

Nyheter

Dette fortel Odd Dalum som har stått i spissen for prosjektet.

– Innspillinga har gått greit, og vi vart ferdige for om lag to veker sidan, seier Dalum.

Dette er den fyrste CD’en med melodiar av Asbjørn Storrusten. Melodiane, som det ikkje er skrive noter til, har no blitt foreviga.

No vil dei markere dette ved å spele opp til dans på Toftemo, tysdag den 16. april.

– Vi skal spele ein del av melodiane, saman med omtale av kvar av dei. Etterpå blir det kaffe og sal av CD. Etter serveringa skal vi halde på med speling i ein og ein halv time, der folk kan danse. Da har vi med oss Dovre Spelemannslag fortel Dalum.

CD-sleppet skal foregå i den nyoppussa dansesalen på hotellet ved Toftemo Turiststasjon på Dovre. Det vil vere gratis inngang. Dei har også invitert to representantar frå kvar av sponsorane sine, som dei vil gjere ekstra stas på.

– Dette hadde ikkje blitt til utan dei, så dei må vi hedre, meiner Dalum.