Arrangerer «språkkafé» for nye landsmenn

Lesja Røde Kors køyrer i gang lavterskel norsktrening for innvandrarar og flyktningar i kommunen.

norsktrening: Språkkaféen er eit lavterskel tilbod for innvandrarar og flyktningar. 

Nyheter

– Norsktrening er eit lavterskeltilbod der innvandrarar og flyktningar trener på norsk språk i ein uformell samanheng. Vi vil bidra til betre integrering, og deltakerne får moglegheit til å praktisere norsk muntleg og øve på dagligtale, for eksempel ved å lese avis, snakke om ulike tema, rollespill, ord og utrykk, fortel leiar i Lesja Røde Kors, Anne-Marie Løftingsbakken.

Fleire frivillige er med for å halde det uformelle kurset, blant anna Vigdis Nørstegård, leiar i norskgruppa Kari Lothe og Henny Skarphol, som har hatt god erfaring med innvandrarar tidlegare. Dei har også vore på norsktreningskurs for å lære litt om korleis dei skal legge opp til undervisning for innvandrar og flyktningar.

Dei sett i gang med fyrste kvelden på Lesja Bibliotek mandag den 29. april.

– Vi vil fyrst bli litt kjent, og sjå kor mange som kjem. Så ser vi korleis det går, seier Løftingsbakken.

– Det har vore på Dombås før, men ikkje på Lesja, og vi har fått attendemeldingar på at det er eit savn etter eit slikt tilbod her, meiner ho.