– Her gjer dei noko ekstra for dei som treng det

Det er ikkje uventa god stemning og latter som kjem ut frå pauserommet på Lesja Dovre Vekst. Dei to leiarane Roger Elsrud og Jertru Trelvik er ikkje kjent for å henge med geipen.

Oddny Garmo kom med påskehelsing til Jertru Trellvik og Roger Elsrud på Lesja Dovre Vekst. 

Nyheter

– De gjer eit godt arbeid for alle som ikkje alltid har det like greitt. Alle i Dovre skal ha eit godt liv, og føle at dei er betydningsfulle og får gje eit bidrag til samfunnet, seier Garmo, og gjer ei ei helsing full av påskegodt.

Garmo seier ho har eit hjarta som bankar litt ekstra for Lesja Dovre Vekst (LDV) og frivilligsentralen.

– Det er ei gruppe som ikkje forventar og forlangar noko og ikkje ropar høgt, seier ordføraren.

Ho meiner at det er ekstra positivt at LDV har produkt og tenester til salgs, og at ein på den måten kan kjenne at ein gjer ekstra nytte for seg. Det vert gjort synleg arbeid.

– Det er ein stad å få for å vera saman med andre, og få gjera nytte for seg, fortsett ho engajsert.

Trelvik og Elsrud set stor pris på helsinga.

– Det er godt å bli sett tpris på. Vi er kanskje lite synlege, men vi trur det er meir opent no etter at bruktbutikken kom. Det er bra både for deltakarane her, oss og andre, seier Trelvik.

Deltakarane på LDV står for vedlikehald på gang- og sykkelvegen over Dovrefjell, har arbeid med skiliting og held vedlike Minneparken på Dombås. Og dei har i løpet av vinteren laga 3500 sekkar med ved.

– Det er nesten ikkje fravær her. Eg trur alle ser nytta av å vera ein del av eit fellesskap. Det handlar i bunn og grunn om livskvalitet, seier Trelvik.

Dei seier det går så det susar med oppgaver ute og i butikken. Språkopplæring er også en del av det som skjer.

I snitt er det rund t 20 deltakarar på plass kvar dag. Dei fleste frå Dovre, nokre frå Lesja. Den største gruppa er uføretrygda. Dei rullerer på oppgåvene, og deltakarane har medbestemmelsesrett. Noko av det viktigaste som skjer er felles lunsj. Da er det nokre gonger så fullt at dei nesten ikkje får plass rundt bordet.

– Dette er en viktig aktør i små bygder. Når ein får vera med å gjera noko betyr det personleg vekst, sier Garmo.

Ho er opptatt av at slike tilbod skal vera i kommunen der folk bur, slik at det er nærheit.

– Det viktige for oss er å skape ein god kvardag for dei som har behov for det, seier Elsrud.