Konsentrert: Når Arne broderar kan han halde på i fleire timar om gongen. 

Arne er ivrig på brodering

Arne Endresplass (70) frå Lesjaverk bruker mykje av tida si på å brodere.

Det er nå ein hobby, seier Arne, som har nytta store deler av pensjonisttilværa med duk eller løpar i fanget, og nål og tråd i handa.

Arne er busett i barndomsheimen på Lesjaverk, kor han har budd så godt som heile livet sitt, utanom tre år på Verma. Pensjonisten har også lagt bak seg heile 39 år som tilsett på det lokale samvirkelaget, fram til han blei 62 år gamal og gjekk av med pensjon.

Lidenskapen, om man kan kalle det det, for brodering byrja i 2006.

– Det fant eg på sjølv at eg skulle prøve, og det gjekk no bra. Eg var sjukemeldt før jul det året, og tenkte eg skulle prøve meg på ei Hardangerbrikke. Eg studerte den nøye, og tok lærdom av den, fortel Arne.

Arne tek vare på mykje av det han har laga, og prøvar seg på fleire ulike fargar. 

 

Sidan den gongen har det blitt meir og meir brodering, og Arne er heilt sjølvlært.

– Dette gjer eg dagleg, og ofte i mange timar for dagen. Eg har halde på i både åtte og ti timar med dette i strekk, seier pensjonisten.

Stova til Arne ber preg av skaparverka hans, som han tek vare på mykje av sjølv, men mykje av det gjev han burt i gåve, medan noko av det blir seld.

– Eg lagar både løparar, brikker og nokre heildekkande dukar. Eg gjev dei ofte burt i gåve. Folk liker jo lideleg godt å få noko ein har laga sjølv, også er det gledeleg å gi bort, meiner Arne.

Han produserer mest løparar og brikker, og driv alltid på fleire prosjekt samtidig, men trivast betre med store emne enn dei små. Når han fyrst sett i gang så går prosessen av seg sjølv.

Arne syner fram sitt mest avanserte broderi. I tillegg til å brodere fleire brikker på sida, brukte han om lag 11 månader på dette. 

 

– Eg anar ikkje kor lang tid eg kan bruke på eitt prosjekt. Eg gløymer heilt å tenke på tida når eg broderer. Mengda har eg heller ikkje oversikt over, seier Arne.

Hobbyen hans meiner han sjølv berre er eit tidsfordriv, men han trivast med det.

– Eg trivast godt med det, elles hadde eg ikkje drevet så intenst. Det er rart man ikkje går lei, men eg går inn med den same entusiasmen heile tida. Det gjev meg noko å gjere, meiner Arne.

Som sagt er Arne heilt sjølvlært, og ser ikkje eit behov for å utvikle ferdigheitene sine.

– Eg er komfortabel slik som eg driv. Så lenge man får behalde synet så kan man berre halde på. Eg synes heller ikkje det var vanskeleg i starten. Ein må ha god tolmodigheit, og det har eg, meiner han.

Lesjaverkingen har blitt særs bereist etter han vart persjonist, og tek ofte med seg suvernirar frå der han er. Det lengste han har vore er til Marokko, men bevegar seg stort sett innanfor Europa.