– Så bra at de vil starte bedrift her i Lesja

Mariann Skotte, ordfører i Lesja, ville gje sitt påskeegg til Remigija Serbentiené - drivar på Lesja gjestgiveri.

Ordførar Maiann Skotte ville gje sitt påskeegg til Reginaldas (4) og foreldra Regimantas og Remigija på Lesja Gjestgiveri. 

Nyheter

– Eg veit dei har hatt ein lang prosess med å få lov til selje huset i Litauen. No er det endeleg i orden. Dei har vald å kome hit til Lesja for å starte bedrift, og det er ikkje sjølvsagt, seier Skotte.

No er Remigija og mannen Regimantas Serbenta i gang med oppussing av det gamle gjestgiveriet på Lesja. Dei har allereie hatt opent i to sesongar, også denne sommaren ser det bra ut for dei nye drivarane. Kjøkken og kjeller blir renovert, i tillegg til to av hyttene dei har. Nytt kontor skal det også bli, og på sikt håpar dei å få til eit rom i første etasje som er handicaptilpassa.

Regimantas, populært kalt Regis, arbeider i Jora Bygg og Laft på dagtid. Etter arbeidstid har han arbeid heime. Regis har arbeidd i Lesja sidan 2010. Familien har budd i Lesja i fleire periodar tidlegare, men no har Remigija og dei tre borna Rimante (15), Radville (12) og Reginaldas (4) kome etter for godt. 1. august blir det to år sidan familien på fem flytta inn på Lesja gjestgiveri.

Remigija vart både glad og overraska då ordføraren ville kome til dei med påskehelsing. Ho hadde gjort klart eit enda større og velfylt påskeegg som ordføraren fekk med seg attende til kommunehuset. Skotte fortel at ho er imponerte over Remigija som på kort tid har gått eit intensivt norskkurs, og klart prøva for å få serveringsbevilling.

– Språket er veldig viktig. No håpar eg å få tatt prøva for å få sjenkeløyve også, seier Remigija

Mange av gjestane er frå Aust-Europa, men det er også tyskarar og japanarar som har booka seg inn til sommaren. Mange er ivrige fiskarar og jegerar som kjem att mange år på rad.

No er ho glad for at dei har fått lov til å selje huset i Litauen. Det er eit innfløkt byråkratisk system, og dei har måtte vore innom domstolane. Seks turar har dei vore i Litauen for å få dette i orden. Pengane dei tente på hussalet investerer dei i gjestgiveriet.

– Lesja har ei stort behov for overnattingsstader, så det er veldig bra at det er noko som satsar her, seier Skotte.

Remigija håpar det kan vera ein treffstad for både lesjingar og turistar.