Fortsett med gratis henting av landbruksplast etter påske

Firmaet J.O. Moen Mijø AS i Åndalsnes vil nok ein gong samle inn landbruksplasten gratis, og startar i Ottadalen etter påske.

Renovasjonsfirmaet J.O. Moen Miljø AS i Åndalsnes skal hente landbruksplast i heile Nord-Gudbrandsdalen, heilt gratis.  Foto: J.O. Moen Miljø AS

Nyheter

Dei skal reise frå gard til gard med kranbil for å hente plasten der det er behov. Dei som ønskjer å få plasten sin henta må melde seg på i forvegen, og tidlegare kundar blir varsla på SMS i forkant.

Hentinga blir sett i gong i veke 17, like etter påske, og dei vil starte lengst unna Åndalsnes og jobbar seg gjennom Ottadalen frå Skjåk, Lom og Vågå, og fortsett vidare til Sel, Dovre og Lesja i veke 18, kor dei tek med plasten på turen attende til Åndalsnes.

- Plasten må vere sortert og rein for forureiningar. Farga og kvit/blank plast må vere lagt kvar for seg, og forureiningar som nett, jord, skit, snø, reiskap, metall, treverk og liknande fjernast, opplyser J.O. Moen Miljø.

Dei legg også ved noko praktisk informasjon til brukarane: Kranbilen er om lag 10 meter lang, 2,5 meter brei og 4 meter høg i køyrestilling. Lasteområdet må ha god plass og minimum 8 meter fri høgde. Unngå luftlinjer i området. 

- Det er viktig at eventuelle lodd som brukast for å halde plasten i ro ligg heilt øvst og er godt synleg, og på fortrinnsvis hardt underlag, opplyser firmaet vidare.

- Vi hentar både laus plast og plast i pressa ballar, legg dei til.

J.O. Moen har avtale med Grønt Punkt om henting og mottak av landbruksplast, og driv med henting fleire gongar i året, sist i januar tidlegare i år.

Dagleg leiar i firmaet, Kari Merete Moen Volle, seier at det har vore ein populær teneste tidlegare, og ein nisje firmaet har satsa på for å unngå køyring over lengre avstandar.