Nå kan du søkje om støtte til friluftsaktivitetar

Dersom du har ein god ide som kan få fleire ut i naturen kan du få støtte til det.

Har du ein ide som vil få fleire ut i naturen kan du få støtte hjå Statskog.   Foto: Geir Wagnild/Statskog

Nyheter

Alle organisasjonar kan søke om støtte frå Statskogmillionen. Det er ei nasjonal støtteordning med små og mange støttebeløp som blir delt ut over heile landet, med ei samla utbetaling årleg på ein million kroner. I løpet av eit år får 150 tiltak og aktivitetar i heile Noreg støtte frå Statskog. 

– Har du framlegg til eit tiltak eller ein aktivitet som får fleire folk ut i norsk natur? Då oppfordrar eg deg til å søke om støtte hjå Statskog. Friluftsliv gir betre livskvalitet og folkehelse, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad i ei pressemelding.

– Jo meir friluftsliv og folkehelse du får ut av pengane, jo større er moglegheita for å få støtte, seier Bollestad.

Statskog er landets største grunneigar, og er eit statsføretak. Statens grunn er ein femtedel av fastlands-Norge. Statskog skal forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigendommar med tilhøyrande ressursar, og drive et aktivt naturvern og ta hensyn til friluftsinteresser.