Heile 25 lag til årets Snøhetta Cup

Påmeldingsfristen for lag til Snøhetta Cup, som arrangerast i fotballhallen på Dombås for første gong, endte laurdag førre veke, og heile 25 er påmeldt.
Nyheter

Cupen er ein fotballcup for barn og unge fra 8 til 12 år, og på førstkommande laurdag, 4. mai, stiller lag frå Dombås, Lesja, Lesjaskog, Sel, Otta og Bøfjord til turnering i fotballhallen på Dombås.

Turneringa vil starte med dei yngste, og avsluttast med dei eldste. Det vil bli premieutdeling etter kvar pulje.

- Snøhetta Cup har eit mål om å auke fokuset på Fair play. Her må alle jobbe saman, både arrangørar, dommarar, spelarar, trenarar og tilskodarar, kan Kenneth Dalum på arrangørsida informere om.

Arrangørane oppfordrar så mange som mogleg til å ta turen til fotballhallen på laurdag, og håpar på stort oppmøte blant publikum. Det blir også open kiosk heile dagen, med servering av både kald og varm mat.