– Nesten alt med skyting er artig

Feltskyting betyr mykje venting, spenning og god stemning. Årets Hjerkinnstemne var ikkje noko unntak.
Nyheter

Hjerkinnstemnet er det siste og avgjerande arrangementet i Dovrefjellcupen i feltskyting. 101 skyttarar samla seg til dyst på Hjerkinn, spente på kven det var som fekk skyte finale i cupen. Stemnet er det siste i ei rekke på 17, som strekkjer seg over eit stor område. Nokre deltakarar har falle frå etterkvart som dei såg at dei ikkje hadde sjansa til å nå opp. Andre satsa på å gjere det ordentleg godt siste dagen.