Varslar om skjeggkre i den vidaregåande skulen

Nord-Gudbrandsdal vidaregående skule kunne i dag melde om at skjegg- og sølvkre har blitt registrert i skulens tre avdelingar.

Nord-gudbrandsdal vidaregåande skule har registrert skjeggkre ved Dombås, Otta og Lom.  Foto: arkiv

Nyheter

Alle dei tre skulestadane, Dombås, Otta og Lom, er ramma av innsektet. Som tiltak har skulen satt ut limfeller og oppmoda elevar og tilsette om å ikkje ha for mykje på golvet, bruke bokskåp og reolar/hyller til skulesakar/sekker og gymbagar, rett og slett ha det ryddig rundt seg.

- Skulen er ikkje åleine om å ha dette problemet, det gjeld diverre svært mange offentlege bygg i Noreg, står det i meldinga som har blitt utsendt til alle elevar og føresatte.

Skjeggkre har nyleg etablert seg i Norge, og ein markert økning i antall bekjempelser er registrert. Dei finnes som oftast i nyare bygninger. Dei liknar sølvkre, men er noko større, meir hårete og har lengre haletråder. Skjeggkre kan verke sjenerende, men gjer elles lite skade i boliger, ifølgje folkehelseinstituttet.