Sofie (7) er ivrig plastplukkar: - Dei som kastar søppel i naturen er slemme!

I går starta den offisielle ryddeaksjonen i Lesja, og om lag 60 barn og vaksne benytta fredagskvelden til å plukke plast og søppel langs elva og vegen.
Nyheter

Det var Lesja og Lesjaskog Bondelag som hadde teke på seg ansvaret for aksjonen, og med seg fekk dei 25 frivillige og 8. klasse ved Lesja skule med foreldre. Til saman hadde 60 personar samla seg i klubbhuset på Lyftingsmo for å få tildelt søppelpose og refleksvest.