Kjem James Bond til Romsdalen?

Rykta går om at scener til den nye James Bond filmen skal bli spela inn i nærområdet vårt.

Taklar James Bond turen i Trollstigen? No kan det vera at vi finn ut av nettopp det.   Foto: Arkiv

Nyheter

Det har allereie vore spela inn scener til den nye filmen i Nittedal utanfor Oslo tidlegare i år. No er det også søkt om å stenge av og bruke Atlanterhavsvegen mellom Romsdal og Nordmøre mellom 5. og 14. juni.

Og altså - etter det NRK kjenner til vil det truleg også bli innspeling i Romsdalen. Stader som Trollstigen, Trollveggen, Romsdalshorn og Romsdalseggen kan vere av "filmkulissene" som passar inn i ein actionfilm.

Dette er den 25. Bond-filmen som blir laga. Den skal ha premiere i april 2020. Daniel Craig har hovudrolla også i denne filmen, som vert den femte filmen han er i rolla som den britiske superspionen.