Sjå bileta frå innsida av nye Lesja sjukeheim

Taket har starta å reise seg over nybygget på Lesja sjukeheim, og innandørs er rominndelinga i ferd med å ta form.
Nyheter

Det er ennå mykje som står att innan nybygget skal stå ferdig i oktober, men ein kan begynne å ane konturane av korleis det vil bli. I grunnetasjen har snekkarane starta rominndelinga, og det blir festa opp gipsplater på løpande band. Rundt ni mann jobbar på bygget kvar dag. At det er mørkt inne, vil snart endre seg, fortel Øyvind Reistad i hovudentreprenøren OM Bakken bygg.