Frå e-avisa Dalsidefolket:

Gründer Otto Holsbrekken frå Lesja: – Han skapte eit bra liv for mange

Her fortel Erling Hokstad om gründaren Otto Holsbrekken frå Kyrkjebygde på Lesja.

Her er Otto ute og køyrer med brødruta si, og har gjort ein stopp ved Øvre Bøloghaugen. Bildet er frå Lesja kommune si bildesamling. På bildet: Otto Holsbrekken, Signe Hovhaugholen, Ola H. Holten, Marit Berget, Sigrid Holten, Liv Jorun Berget. 

Nyheter

Far min var klokkar attåt lærarstillinga. Det var vanleg i bygda frå gamalt – skulemeister og kyrkjesongar høyrde i hop. No var det slik at hamna ein i klokkarstolen, vart ein og gardbrukar på Klukkargarden Brotningen , dersom ein ville.

Ho mor og han far dreiv ikkje lenge i landbruket. Det vart til at han Otto Holsbrekken forpakta bruket og styrde med jordlappane så lenge eg minnest. Kvar dag såg eg han Otto, anten på veg til fjoset, innom oss med eit spann morgonmjølk, eller på veg til beite med kyrne sine.

Fjoset og låven på Brotningen var på ingen måte ruvande, men likevel hadde han Otto 4 – 5 kyr, kalvar, eit par grisar, og ein hest med bra stall i bygninga. Klukkarjordene gav bra avling både på gras og grønfor, så han Otto kjøpte sjeldan for.

Mannen var elles meir enn mangfaldig, difor var gardsdrifta berre ein liten del av alt han heldt på med. Lesja gjestgiveri var hovudnæringsvegen. Her tok alle slag ferdafolk inn når dei trong overnatting. Mange av dei var handelsreisande, sume for for misjonen, og ein god del var turistar på veg gjennom Gudbrandsdalen. Han leigde og ut til fastbuande som hadde teke seg arbeid på Lesja.

Gjestgiveriet var samstundes ein viktig samlingsstad for ymse slag lagsmøte, minnesamver og feiringar, så det var støtt mykje folk i huset. Med så skiftande ansvar frå morgon til kveld laut han Otto kle seg om frå blåklede og lortute gummistøvlar til kvitskjorte og dressbukse fleire gonger om dagen.

Til å hjelpa seg med å halda orden på timeplanen og dei mange rollene sine, hadde han ei travel kone, ho Åsta, - ho syrgde og for at den travle mannen hennar fortente god kost. Dette veit eg noko om, fordi eg tente meg ein og annan femtiøringen med å driva kyrne hans over lina og opp i skogen. Hende gongen – på veg heim - fekk eg mat ilag med han Otto. Det lange bordet var dekt på eine enden med alle slag pålegg, godt smør, lefse og ferskt brød.

Han Otto var og eigar av Lesja bakeri med husing både av bakst og menneske. Bakarmeister Harald Hansen, rådde elles med det meste av det som gjekk føre seg der. Ein gong eg var oppe i vegen, såg eg at store ting var i gang i fyrste bakerietasjen. Arbeidsfolk var opptekne med å montera fryseriutstyr og utleigeboksar. Idemakaren, Otto, var seg sjølv lik. No skulle han bli ein konkurrent til hundretalsår med stabbur og gamle konserveringsmåtar, og opp kom eit ruvande skilt med overbevisande ord: VARENE OPPBEVARES I STANDARD KJØLEANLEGG.

Det gjekk ikkje lang tid, før alt var fullteikna, og boksane leigde ut. Ein sann revolusjon – og bygdafolket kunne jamvel gå til han Otto og kjøpa iskrem. For min eigen del hadde eg tidlegare ete is berre på ein skuletur til Molde. Han Otto hadde støtt alternative løysingar, og ved eit høve fekk han verkeleg bruk for den gjevnaden. Ein dag streika kjøleanlegget, men han visste råd og grov alle kjøtpakkene inn i ein hard brøytekant innmed vegen. Seinare åt folk kjøtet sitt like godt!

Mange minnest han Otto Holsbrekken som oppkjøpar av slaktefe med vidare transport til kjøtmarknadene i Oslo. Dette gav bra inntekt både til han sjølv og driftekarar, så når ein ser heile biletet av alt kva han heldt på med, er det ikkje tvil om at han var ein viktig mann for bygda den tida. Han skapte mange ulike arbeidsplassar som gav inntekt til både den eine og den andre, både inne og ute.

Sume heldt han med arbeid berre nokre dagar, ein del leigde han til faste gjeremål, medan andre var hjå han i fleire år av yrkeslivet. Mellom dei sistnemde minnes vi med glede Gunvor og Gyda Nilsplass. Med kvite kragar og pene serveringskjolar, tok dei imot i gangdøra, serverte ved borda og fekk folk til å kjenna seg heime. Til seine natt stod dei over oppvaskkummane, og vaska så golv før dei sykla heim til seg sjølve. Tidleg neste morgon stod syklane attmed kvarandre nedanfor gjestgiveriet. Bjørn Ungersnæss, altmoglegmannen, må òg nemnast, og kanskje han Asbjørn, bror min. Han fekk ”fast” jobb hjå han Otto som sjuåring, og gjekk i hælane hans i fleire år.

Elles hadde han Otto ord på seg for å ha kontante og greie oppgjer. I jakkelomma hadde han støtt ein stor svenskepung med god plass til både papirpengar og myntar, rekningar og hugselappar. Svenskepungen var i stor mon både kontor og pengeskåp. Det seier seg sjølv at med så mykje verksemd, kunne det oppstå små og store konfliktar. Han Otto var ein sann meister i å handtera slike. Kjend er historia då ho Kari Klukkstad var lite nøgd med han, og som vanleg let han Otto som han høyrde etter medan refsinga gjekk inn det eine øyra og ut det andre. Då ho Kari endeleg var ferdig, sa han med ein logn smil: ”Min ka va de du sa du, Kari?”

Ein gong høyrde eg han sjølv på sitt beste. Nokre snikkarar dreiv med vølingsarbeid på Blåsenborg og ein god del materialar låg der i haug. Samstundes gjekk hesten hans, han Prins laus ute i skulegarden og tråva ei runde der han trakka sund nokre bord. Karane var ikkje blide, han Otto lydde tagalt, og då dei hadde kjefta lenge nok, sa han: ”En e messom hogga te sjå se umkring da, sær du”. Sjølv trur eg han Otto var noko av ein taktikar når det galdt usemje. Han gjekk aldri inn med sterk ordbruk, let som han høyrde etter, konkluderte avvepnande, og det heile slokna av seg sjølv.

Kven var så denne Otto`n? Sume har omtala han som ein Bør Børson. Eg meiner han ikkje var det. Han tok mykje ansvar for det han hadde, og dei han rådde med. Impulsiv og skrikande var han heller ikkje. Mange meinte og meiner ein del om han og den posisjonen han skaffa seg i sine velmaktsdagar. Men ein ting kan ikkje takast ifrå han, - Otto Holsbrekken var ein pådrivar for verksemd, og skapte innkome og bra liv for mange i ei lita bygd i ei brytningstid.