Lesja og Dovre får midler til kompetanseauking av skadefellingslag

Fylkesmannen i Innlandet har bevilga 30 000 kroner til felles landbruksforvaltning i Lesja og Dovre til kompetansehevingstiltak for det kommunale skadefellingslaget.
Nyheter

Pengane kjem på bakgrunn av ein søknad frå Lesja kommune etter 15 000 kroner til dette tiltaket, som vil bidra til effektivisering av skadefellingsforsøk på rovvilt.

Miljødirektoratet har tildelt Oppland ei økonomisk ramme på 5 500 000 kroner til førebyggande og konfliktdempende tiltak (FKT), og 350 000 kroner til tjenestekjøp for 2019. Fylkesmannen har mottatt 44 søknader om midler til FKT-tiltak fra kommuner, lag, organisasjoner og enkeltforetak Det er totalt søkt om 8 500 000 kroner.

Landbruksforvaltninga har også søkt etter 10 000,- til tre viltkamera til bruk i skadefellingsaksjonar, 17 000,- til felles skytedag med fagleg input og matservering, 18 000,- i tilskot til eigensamling for dei tre skadefellingslaga, og 6 000,- til ordinære samlingar i regionen for skadefellingsleiarar.

Lesja og Dovre har hatt mange skadefellingsforsøk på både jerv, ulv og bjørn i dei seinare åra, og Fylkesmannen meiner at på bakgrunn av dei skadesituasjoner ein ofte opplever i desse kommunane er det viktig å halde på og auke kompetansen i fellingslaget.

- Som det framgår av søknaden har skadefellingslaget i Dovre og Lesja mange medlemmar, og vi ser behovet for å gjennomføre samlingar og treninger. Fylkesmannen ser det som viktig at kommunene og fellingslaget er godt forberedt, og dette vil blant anna kunne skje gjennom å ha felles treninger, kursing og erfaringsutveksling, seier avdelingsdirektør Vebjørn Knarrum og rågjevar Linda Hovde Nordås i sitt svar frå Fylkesmannen i Innlandet.