Nord-Gudbrandsdøl med første singelslepp

Vebjørn Bråthen frå Otta er eit nytt navn i lista over norske artistar.

Vebjørn Bråthen fra Otta er fersk musiker med to nye singler.  Foto: pressefoto/Monzer Faisal

Coverbilde frå "Dæ som eilder vart".  Foto: Bjørn Tore Stokke

Coverbilde frå "Til siste pust".  Foto: Bjørn Tore Stokke

Nyheter

Den 31. mai slepp han to nye singlar, låta «Dæ som eilder vart» og «Til siste pust».

Bråthen spelar sjølv gitar og det er det han brukar når han skriv musikken sin. Han syng og spelar ikkje sjølv på innspelingane, men har samla ei solid gruppe musikarar med brei erfaring frå country-, rock- og pop-sjangeren.

Bandet består også av Åge Reite på keyboards, Morten Strøm på bass, og Håvard Tørum på trommer.

- Sangeren og låtskrivaren skriver drivande gode låtar med særpreg, og syng dei med ei truverdigheit og ei innleving som gjer inntrykk, skriv musiker og skribent Tom Roger Aadland i si omtale av artisten.

Bråthen har ifølgje Aadland ei god stemme og ein bra låt, uavhengig av sjanger. Og ikkje minst syng han på dialekt.

Han har også henta inspirasjon frå ein rekke store musikarar, som Townes Van Zandt og Guy Clark, med eit rocka preg av Neil Young og Warren Zevon.

Dei to singlane blir å finne på alle straumetenester frå og med 31. mai.