Ber om landingsløyve i Lesja-fjella

Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har søkt Lesja kommune om løyve til å lande med helikopter ved sju forskjellige innsjøar i Lesja.
Nyheter

Dette er ein del av eit større prosjekt der NIVA skal undersøke om lag 1000 innsjøar i heile landet på oppdrag frå Miljødirektoratet. Det er effekatar av ureina luft og nedbør på vassressursar som no skal følgjast opp.

Følgjar opp
Det har tidlegare vore gjennomført tre slike undersøkelsar i Norge. Fyrst i 1974-1975, så i 1986, og sist i 1995. Sist gong vart det teken vassprøver frå 1500 innsjøar, og av desse vart 500 også undersøkt i 1986, kor formålet var å sjå utviklinga i vasskjemi sidan 1986. Da vart det også gjort ei statistisk utval på 1000 sjøar frå kvar region i landet, som skulle gje eit representativ bilete av vasskjemien i heile Norge.

I 2019 har difor Miljødirektorartet bestemt at dei 1000 statistisk utvalde innsjøane frå 1995-undersøkinga skal takast på nytt til hausten for å oppdatere oversikta over miljøtilstanden. Data skal samanliknast med data frå førre undersøking, og det er difor viktig å ta prøver frå dei same områda, ifølgje NIVA.

Redusert sur nedbør
Bakgrunnen for undersøkinga er at det har skjedd store endringar i viktige miljøfaktorar dei siste 23 åra, der sur nedbør har gått kraftig attende.

- I takt med redusert sur nedbør har og konsentrasjonar av kalsium og magnesium gått ned, og ein fryktar at dette enkelte steder kan gje marginal vasskvalitet for fisk og anna liv, seier prosjektleiar Atle Hindar i NIVA til Lesja kommune.

Ifølgje Hindar viser langtidsdata frå overvaking  at det er aukande humusinnhald i vatnet, altså farge, noko som har vore eit stort problem for fleire vassverk. Dette er også knytt til reduksjon i sur nedbør.

Brukar helikopter
For å gjere gjennomføringa av prosjektet mest effektiv skal flest mogleg av innsjøane prøvetakast frå lufta med helikopter, og det må difor innhentast landingsløyve om dette. I Lesja sitt tilfelle ligg fleire av innsjøane i verna område.

Innsjøane dei har søkt om å undersøke i Lesja er Lomtjørni ved Gautsjøen, Kjelsungvatnet i Kjelsungdalen, Langvatnet, Rygghøtjørni, Nedre Mølmsvatnet, HOH 1374 ved Drugshøi, og HOH 1506 ved Skulan.

Det vil takast ei prøve frå kvar innsjø med vasshentar frå helikopter, noko som vil ta om lag 2-3 minutt i kvar sjø.

- Helikopteret skal altså ikkje lande fysisk på innsjøen, presiserar Hindar.

For å sikre godt flygevêr og effektiv logistikk ønskjer NIVA å be om løyve i tidsrommet frå 15. september og fram til 1. desember 2019.

- Omsyn til vilt og reinsdyr skal takast. Vår samarbeidspartner Helitrans har god erfaring med slik flyging, forsikrar prosjektleiaren i NIVA, som håpar på positivt svar frå kommunen.