Skal samle folkemusikken i bygda for å framheve alt det positive

12. juni er kvelden for ei stor konsertoppleving for dei som er glad i gamaldans og folkemusikk.

Geir Groven og Erna Bjørgemoen i toraderklubben ønskjer velkommen til konsert. 

Nyheter

Toraderklubben «På 2. rad» skal halde konsert i Lesja kulturhus, der fleire lokale aktørar innan folkemusikk og gamaldans skal vere med og vise seg fram.

– Vi ønskjer å framheve alt det positive som har skjedd innan miljøet i løpet av vinteren, seier leiar i toraderklubben Geir Groven.

Med seg har dei deltkarar frå sitt eigar toraderkurs, elevar frå kulturskulen som har fått undervisning i torader og trekkspel av Mads Erik Odde, som sjølv skal stå på scena denne kvelden. I tillegg kjem Dovre dansarlag som har vore aktive det siste halvåret, 4. klasse frå Lesja skule som har fått opplæring i gamaldans, og ikkje minst Asbjørn Storrusten og hans orkester som er aktuelle med CD-slepp.

– Dette er ei glimrande anledning for ein avsluttande konsert for dette halvåret, og vi skal avslutte med eit fellesnummer, seier Groven.

Dovre spelemannslag har det siste halvåret starta opp felekurs for nybyrjarar, noko Groven sett pris på.

– Dei var også inviterte til å bli med, men kunne ikkje på grunn av eit anna arrangement, seier han.

Likevel blir det eit innhaldsrikt program, og Groven kan til og med freiste med ein sketsj eller to av toraderklubben.