Her lærar John Ola seg 1300 år gamalt tradisjonshandverk

I Pinsehelga fekk særs interesserte moglegheita til å lære seg kvessing av kvernstein, ein kunst som går attende til før vikingtida.

John Ola Selsjord lærar seg vedlikahald av kvernstein. 

Nyheter

Kurset, som gjekk føre seg på Sagelva Vasskraftsenter ved grensa mellom Lesja og Rauma, vart leia av Torbjørn Løland frå Hyllestad, ein plass med lang historie om norsk kvernsteinsproduksjon.