Lesjing vart Joker-millionær

Det var ein mann frå Lesja i Oppland som vart trukket ut som Joker-kandidat onsdag 12. juni.

Til topps: Onsdagens Joker-vinner frå Lesja suste rett til topps på premiestigen, viser programleiar Ingeborg Myhre.  Foto: Atle Onsrud Jensen/Norsk Tipping

Nyheter

- Vi fekk ikkje tak i mannen før TV-trekninga på NRK2, så det var vår datamaskin som måtte svare opp eller ned på programleder Ingeborg Myhres spørsmål, opplyser Norsk Tipping.

Det endte med berre to svar, for på det andre talet dukka nemleg jokeren opp. Dermed var spelet over og Lesja-mannen spratt til topps og kan starte feiringa av ein gevinst på 2 231 000 kroner, som ifølgje Norsk Tipping vil dukke opp på kontoen i løpet av eit par dagar.

Mannen leverte Joker-spelet sitt på norsk-tipping.no søndag formiddag, kan Norsk Tipping opplyse.