Toraderklubben og co. med levande bevis på at folkemusikken i bygda enno lever

Denne vinteren har det vore nybyrjarkurs for små og store i både fele-, trekkspel og toraderspel. Dessutan har Asbjørn Storrusten gjeve ut CD med eigen musikk. Dette laut markerast.
Nyheter

Det var toraderklubben På 2. rad som skipa til arrangementet i Lesja kulturhus. Salen var så godt som fullstappa med eit engasjert publikum. Arrangørane sjølve slo an takta med reinlendar og vals, og einkvar kunne kjenne godfoten vibrere.