Petter og Aleksander tek «Den Store Styrkeprøven» på veltepetter: - Vi har sett fram til Dombås lenge

Petter Nyquist og Aleksander Gamme er ute på nok eit eventyr. Denne gongen syklar dei Trondheim-Oslo på veltepetter, og på måndag ettermiddag var dei innom Dombås.

Petter Nyquist og Aleksander Gamme syklar Trondheim-Oslo på veltepetter, og tok ei velfortent lunsjpause på Dombås. 

Nyheter

Eventyrarane Nyquist og Gamme er kjende namn for mange TV-sjåarar. Nyquist er kanskje betre kjend under kallenamnet "Petter uteligger" frå TV2-programmet med same namn, medan Gamme har vore programleiar på NRKs "Drømmeturen". Saman har dei vore på fleire artige eventyr saman, blant anna padla Mjøsa på langs i eit badekar.