«Get Rhythm» og Martine Haugen til Hageseter

Fredag den 28. juni arrangerer Hageseter Turisthytter konsert med Gausdal-bandet «Get Rhythm».

country: «Get Rhythm» med Martine Haugen spelar kjende country-låtar. foto: Get rhyhtm 

Nyheter

Bandet har med seg Martine Haugen frå Dombås på vokal, og spelar låtar av Johnny Cash.

– Dette er noko nytt vi tenkte å prøve oss på, så det er eit prøveprosjekt, seier Guri Ruste ved Hageseter, som for fyrste gong inviterer til utekonsert ved turisthytta.

«Get Rhythm» er eit ungt band som starta opp i 2013, og har vore med på ein del festivalar sidan 2015. Sidan har bandet blitt omtalt som ein sensasjon.

Fredag kveld inntek dei utearealet ved Hageseter på Dovrefjell, kor ein ivrig dugnadsgjeng har bygd danseplatting for dei besøkande.

– Vi vil legge til rette for dans og moro for alle små og store. Dette er jo eit pluss både for plassen og miljøet her. I tillegg er det artig å kunne løfte fram dei lokale artistane frå Gudbrandsdalen, og ikkje minst Martine Haugen som er frå Dombås, seier Ruste, som håpar på godt vêr denne fredagskvelden.