Billedveva frå Dovrefjell har funne vegen til Lesja: - Det er stor stas å få syne dei fram

Billedveva til Rakel Onsum Berg har fått ein ny heim på Lesja bygdamuseum, kor dei vil vere utstilt gjennom sommaren.

Mette Onsum Berg og fungerande avdelingsleiar på Lesja bygdemuseum, Ellen Sørumgård Syse, er begge fornøgde med at billedvevutstillinga får ein ny heim på Lesja. 

Nyheter

Samlinga av billedvev vart i vinter fjerna frå Dovregubbens Hall på Dovrefjell, kor dei har vore utstilt i alle år. Kafeen og overnattingsstedet langs E6 har vore drive av Onsum Berg-familien fram til i 2017, da ekteparet Berit og Johans Nomedal tok over drifta etter Mette Onsum Berg, dottera av Rakel. Etter at dei nye eigarane tok over har dei hatt eit ønskje om å kvitte seg med billedveva, og ved hjelp av Hans-Jacob Dahl fann Mette ein ny heim til dei.