Ryperapporten våren 2019:

Kryssar fingrane for ein god rypehaust

Norges Fjellstyresamband har utarbeida ein rapport om korleis rypehausten 2019 blir.

Det har vore bra med stamfugl både i Lesja og Dovre.  Foto: Per Jordhøy

Nyheter

Fjellstyresambandet har teke ei runde blant dei dei ulike fjellstyra i Norge for å høyre deira spådommar om korleis rypehausten i år blir basert på jakta i 2018 og observasjoner i vinter og vår. Generelt sett fortsett den gode trenden med auke og større rypebestand, men i fleire område er det lite smågnagarar.

Hausten 2018 opna Lesja Fjellstyre for fritt kortsal etter 10. oktober for fyrste gong på 7 år, på bakgrunn av dei gode takseringsresultata i 2017 og 2018.

- Vêr og føre begrensa jakta for mange, men totalt sett ga jegerane tilbakemelding om at det var bra med rype. Fjelloppsynet har sett mykje stamfugl i vinter, så ein kryssar fingrane for ein bra rypehaust i år ogs. Alle periodekortene er selt, men det kan bli aktuelt å opne for fritt kortsal frå 10. oktober, om takseringsresultatet er bra, seier Lesja Fjellstyre i rapporten.

Dovre Fjellstyre har ikkje uttalt seg i rapporten, men seier til Vigga at utsiktene for rypehausten i Dovre enno er usikkre.

- Det har vore bra med stamfugl i vår, men lite smågnagarar som mus og lemen kan ha ei innvirkning på kullet, da rovdyr går etter rypekyllinger i staden. Det ser også dårleg ut med tanke på vêret. Det er litt for kaldt, så det er vanskeleg å seie noko om enno. Vi skal ha taksering i byrjinga av august, så vi vil ha betre utsikter da, seier Kari Svendsgard i Dovre fjellstyre.

Ryperapporten våren 2019 kan du lese her.