Sommarkurs på Hjerleid:

– Det er smiing som er mest gøy.

Sommarvarmen glimrar med sitt fråvær, men inne i smia på Hjerleid er det ikkje noko problem å halde varmen.
Nyheter

Det lyser og freser i essene og det kling av lyden av hammar mot ambolt. 10 ivrige ungar og fire kursleiarar er i arbeid. Dei har rett antrekk, med skinnforkle, vernebriller og hørselvern. Elias Motterud Vadet (11) frå Lesjaverk er ein av veteranane på sommarkurs på Hjerleid. Han er med fjerde året på rad.