Lærerik ferie for Jakop, Trygve og Bjørn Tore

Om det var teften av sagmugg som lokka dei attende, skal vera usagt. Men dei tre lesjingane var i alle fall tilbake på gamle trakter då dei tok kurs i møbelsnikring sist veke.

Tre lesjingar som sist veke var attende på gamle trakter, det vil seia Hjerleid på Dovre. Denne gongen for å lære møbelsnikring. – Ein perfekt måte å bruke éi veke av ferien på, meiner frå v. Jakop Vorkinn, Trygve Stenrud Nilsen og Bjørn Tore Lønstad Bleken.   Foto: Ove Kirkestuen

Nyheter

Trygve Stenrud Nilsen, Jakop Vorkinn og Bjørn Tore Lønstad Bleken tok nemleg vidaregåande utdanning på nettopp Hjerleid, men da i allmenne fag. Alle tre er no busette i hovudstaden der Trygve arbeider som byggingeniør, Jakop skal ta fatt som lærar, medan Bjørn Tore er kjemikar på ein dynamittfabrikk.