Kva skal dagsturhytta heite?

Arbeidsgruppa i Levande Lesja som jobbar med utbedring av sti og bygging av ny dagsturhytte på Tussheim ber om namneforslag til den nye hytta.

Slik skal dagsturhytta på Tussheim etter planen sjå ut.  Foto: Streken Arkitektkontor

Nyheter

Dei som vil kan sende inn namneforslag på SMS der ein må legge ved eige namn og forslag til namnet på hytta. Ein jury beståande kun av medlemmar utanfor prosjektgruppa skal avgjere kva hytta skal heite.

- I juryen har vi med ein frå fjellstyret, ein frå bondelaget, ein frå næringslaget, ein frå Nasjonalparkriket, og Maria Kampesæter Kleiven som skal leie komiteen, seier prosjektleiar Solveig Brøste Sletta i Nordveggen.

Fristen for å sende inn forslag er 1. august, da dei må tidleg i gang med å lage skilt til nye Tussheim, som skal stå klart til 21. september. Da blir det offisiell opning ved det årlege motbakkeløpet "Tussheim Upp".

Sletta fortel at det allereie har kome in nokre forslag, men håpar på mange forslag til slutt.

- Dette skal vere noko som alle i Lesja skal vere stolte av. Difor er det viktig at det er noko alle kan vere med å bidra med. Ikkje minst ønskjer vi å engasjere fleire, seier Sletta.

Sletta og Nordveggen har vore med på liknande namneprosessar i Rauma, som dei har hatt stor suksess med.

- Det har kome inn mange gode innspel, og det kan ofte dukke opp forslag som vi ikkje har tenkt på ein gang. Tussheim er jo eit flott namn, og eit varenamn på stedet, så det kan hende det forblir Tussheim, eller Tussheim med ein undertittel, om folk vil det, seier Sletta.

Prosjektleiaren meiner prosjektet er i rute til opning den 21. september. Lesja Byggservice står for bygging av dagsturhytte, og har kome i gang med fundamentet. Arbeidet med stien opp til Tussheim vil dei sette i gang med for fullt etter sommarferien.

- Vi gleder oss mykje til dette. Prosjektet er i rute, så da er det berre for folk å kome med namneforslag, avsluttar Sletta.