Juli 1943: Våpendrama på Lesjaskog

For 77 år sidan, mellom 13. og 17. juli 1943, kastar okkupasjonsmakta og hennar norske hjelparar mørke skuggar over Lesjaskog. For nokre er skuggane kanskje velkomne

Brevet: Her er meldinga som kom inn til kretsfører Skurdal i NS i Gudbrandsdalen, men tips om at det kunne vera ulovlege våpen på Lesjaskog.   Foto: Illustrasjon: dokument frå riksarkivet

Nyheter

Statspolitimennene Berger og Elgaaen, i sine feltgrå uniformer, er ivrige i tenesta desse sommardagane. Vel 20 personar i den vesle bygda blir avhøyrde, 14 forhøyr resulterer i skriftlege rapportar direkte til statspolitisjef Karl A Marthinsen. Fire personar blir arresterte, to blir sett fri etter kort tid, medan dei to andre får lange opphald i tysk fangenskap.