Ny bedrift satsar på Hjerleid

Rundt om i Norge, ja til og med i utlandet, er det mange handverkarar og kunstnarar som har eit godt levebrød takka vera utdanning på Hjerleid.

Even Nævdal Hansen (32) t.v og Njål Andreassen (25) har etablert eiga bedrift på Hjerleid. – Vi satsar både på tradisjonelle produkt laga på gamlemåten og moderne design. Dessutan nyttar vi moderne teknologi, fortel dei to som har gått gradene frå elev til lærar på nettopp Hjerleid. 

Moderne teknologi er ein del av satsinga. Noko ein datastyrt fres (CNC) er døme på. Bildet viser ein mindre fres som dei har prøvd ut. 

Nyheter

Kvass as er truleg det ferskaste dømet i så måte. Attpåtil med adresse Dovre.

Eigarane av firmaet med det skarpe namnet er Even Nævdal Hansen (32) og Njål Andreassen (25). Det som gjer denne etableringa ekstra gledeleg, er at dei unge karane med sveinebrev i treskjering og møbelsnikring blir verande på Hjerleid. Både med si bedrift og som lærarar. Noko som vil styrke eit allereie rikt handverksmiljø. Steinar Moldal som har vore på Hjerleid i mange år, er også medeigar i Kvass as.

– Eg har tru på desse karane fordi dei er flinke, og dei vil noko. Ekstra gledeleg at dei også nyttar kortreist trevirke, seier Moldal.

Statleg og kommunal hjelp

Men det er fleire som har sett potensialet til den nye bedrifta. Innovasjon Norge har nemleg løyvd 354.000 kr i tilskot og 30.000 kr som mentorstøtte. Med eit budsjett på 814.000 kroner kjem difor desse pengane godt med, mellom anna til innkjøp av ein datastyrt fres.

– Utan denne støtta hadde starten vorte mykje tyngre og vi måtte i så fall ha lånt meir pengar. Dessutan har vi hatt fleire gode hjelparar undervegs. Både Hans Bjørner Talleraas og Martin Killi i Dovre kommune sitt gründerprosjektet og dagleg leiar av Treskjærerverkstedet på Fornebu, Heidi Karsten, fortener stor takk, seier Njål Andreassen, som er trippel norsk meister i møbelsnikring.

Heidersteiknet «Medallion of excellence» frå EM kan han også skilte med.

Hjerleid er staden

Dei to gründerane som har skaffa seg brei erfaring på relativt kort tid, har gått gradene på Hjerleid, det vil seie frå elev til lærar. Dessutan har Njål samarbeidd med fleire kunstnarar. Til dømes hadde han ansvaret for trearbeidet til skulpturen til minne om filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951). Han og Even laga også ornament til verdas største vikingskip, Draken Harald Hårfagre. Rekonstruksjonen av inngangspartiet til meisterhuset ved Stoltz’ reperbane i Sandviken i Bergen var heller ikkje småtteri. Alt gjort på gamlemåten, mellom anna med 30 sjøllaga høvlar. Vel og merke med god hjelp av smedane i etasjen under. Og at det ligg til rette for samarbeid med andre handverkarar er éin viktig grunn til at Even og Njål vil vera på Hjerleid.

– Dessutan er vi på ein stad med rike tradisjonar og godt renommé. Vi rår difor andre til å gjere det same, seier dei to hendte karane som også lettar på lokket med omsyn til visjon og forretningsidé.

Gamalt og nytt

Mellom anna har dei som mål å bli nasjonalt kjent for god design og solid kvalitet. Ikkje minst vil dei tenkje nytt, til dømes innan møblar, men alltid med tradisjonelle teknikkar som fundament.

– Sidan vi allereie har god erfaring med designarar, ynskjer vi å knyte til oss enda fleire av den sorten. Men vi skal også lage eigne produkt, aller helst av kortreist vyrke i eksklusive seriar, fortel Even Nævdal Hansen som også har arbeidd med restaurering på Bryggen i Bergen.

Med ansvar for marknadsføring og digitalisering avslører han at spennande kontraktar snart er i boks. Eit samarbeid med Lesja - Dovre Vekst er også på trappene.

I fylgje dagleg leiar av bedrifta på Dombås, Roger Elsrud, vil det i så fall vere særs positivt for deira verksemd.


– Knoppskyting i kjølvatnet av Kvassas, både på Hjerleid og elles i bygda, er det vi håper på, seier Hans Bjørner Talleraas i Dovre kommune.